3.5. Klipp ut

Kommandoen Klipp ut slettar innhaldet i det valde biletet og lagrar det i utklippstavla slik at det kan limast inn seinare ved hjelp av «Lim inn», «Lim inn i» eller «Lim inn som ny». Dersom det ikkje er eit utval i biletet, vert heile det aktive laget fjerna. Dersom laget har ein alfakanal, vert det utklipte området gjennomsiktig. Er laget utan alfakanal, vert det utklipte området fylt med den gjeldande bakgrunnsfargen.

[Notat] Notat

Klipp ut arbeider berre på det aktive laget. Laga over eller under vert ignorerte.

3.5.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerKlipp ut.

  • eller med snarvegen Ctrl+X.