5.6. Nivåverktøyet

Tonenivåverktøyet liknar nokså mykje på histogramverktøyet, men kan i tillegg gjere endringar i intensiteten til eit lag eller ei markering. Kan vere nyttig t.d. når du skal korrigera over- eller undereksponerte digitalbilete.

5.6.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyNivå.

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.6.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.74. Dialogvindauget for nivåverktøyet

Dialogvindauget for nivåverktøyet

Kanal

Her kan du velja kva for kanal endringane skal gjelde for. Valet Verdi vil gjere endringane gyldige for alle biletpunkta i eit bilete. Vel du i staden ein av fargekanalane eller alfakanalen, vil innstillingane gjelde verdiane for den valde kanalen. Du kan også stilla verdiane tilbake til slik dei var med knappen Tilbakestill kanal.

Nivå inn

Hovudarealet er ei grafisk framsyning i form av eit histogram av mengda av mørke toner, mellomtoner og lyse toner i biletet. Dei er plasserte på x-aksen i ein skala frå 0 (svart) til 255 (kvit). Talet på pikslar på kvart nivå er plasserte på y-aksen. Diagramoverflata representerer alle pikslane i biletet. Eit godt balansert bilete har pikslane godt fordelte over heile skalaen. Eit bilete dominert av t.d. blått, vil lage eit histogram med overtyngde til venstre i kanalane raud og grøn. Du vil også sjå at raudt og grønt manglar i høglysområda.

Du kan endra nivåområda på tre måtar:

  • Med dei tre triangelforma glidebrytarane, ein svart for dei mørke tonene, ein grå for mellomtonane (ofte kalla gammaverdiane) og ein kvit for dei lyse tonene. Drar du for eksempel den midtre trekanten mot høgre, vil biletet bli mørkare.

  • Med dei to pipettene. Den til venstre bruker du for å bestemme den mørkaste fargen, og den høgre for å setje den lysaste fargen i biletet. Du kan også buke VisInformasjonsvindauge frå biletmenyen for å vise fargane i pipetta.

  • Med dei tre innskrivingsboksane. Du skriv her verdien direkte.

Nivå ut

Til vanleg vil utverdiane spenna over heile gråskalaen frå 0 til 255. Du kan avgrensa dette ved å setje andre utverdiar ved hjelp av glidebrytarane.

Alle kanalar

Opna: Bruk denne for å henta inn ei tidlegare lagra fil med nivåinnstillingar.

Lagra: Lagra innstillingane til seinare bruk.

Auto: Sett nivåa automatisk.

Tre pipetter: Kvar av desse representerer eit punkt på gråskalaen. Alle verdiar lågare enn “svartpunktet” blir svarte og alle verdiane lysare enn “kvitpunktet” blir kvite. “Gråpunktet”, som må vere mellom dei to andre, bestemmer midtnivået for grått. Alle gradene av grått blir rekna ut frå desse tre innstillingane.

Førehandsvis

Dersom denne er markert, kan du sjå endringane direkte på biletet.

Verktøyinnstillingar

Figur 12.75. Innstillingane for nivåverktøyet

Innstillingane for nivåverktøyet


Sjølv om dette verktøyet ikkje er tatt med i verktøyskrinet, har det likevel ein innstillingsdialog under verktøyskrinet. Dette er

Histogramskala

Desse to vala har dei same funksjonane som dei tilsvarande knappane i dialogvindauget for nivåverktøyet.

Gjennomsnitt

Denne glidebrytaren bestemmer “radius” for det området som fargen skal hentast frå. Dette området er eit større eller mindre kvadrat som pipetta hentar gjennomsnittsfargen frå.