5.7. Kurveverktøyet

Kurveverktøyet er det mest sofistikerte verktøyet GIMP har for å justera fargesettinga i eit bilete. Bruk litt tid og prøv deg fram, og du vil snart oppdaga at du raskt og effektivt kan bestemma kor djupe skyggane skal vere, kor lys himmelen skal vere og mykje, mykje anna. Verktøyet er vel verdt eit lite studium.

5.7.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyKurver.

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.7.2. Å justere fargekurvene

Figur 12.76. Dialogvindauget for kurveverktøyet

Dialogvindauget for kurveverktøyet

Kanal

Du bestemmer her kva for kanal innstillingane skal gjelde for. Kanalen Verdi styrer lys og kontrast. Dei andre styrer kvar av fargane raud, gul og blå. Dersom biletet inneheld alfakanal, vil du også kunne opna og justera denne.

Tilbakestill kanal

Denne knappen fjernar alle endringane du gar gjort og stiller verdiane tilbake til slik dei var i utgangspunktet.

Knappar for lineær eller logaritmisk vising

Her kan du velje mellom lineær eller logaritmisk vising av kurvene. (Dette kan også gjerast frå dialogvindauget for verktøyinnstillingane i hovudmenyen).

Redigeringsområdet

Område for inn-nivå og ut-nivå: Inn-nivået blir vist på x-aksen (den horisontale aksen) med verdiar frå 0 til 255. Y-aksen (den vertikale aksen) viser utnivået for fargane i den valde kanalen.

Kontrollkurva blir teikna i eit rutenett, og går frå nedre, venstre hjørne til øvre høgre hjørne. Posisjonen til markøren blir vist i ei rute i øvre, venstre hjørne av diagrammet. Dersom du klikkar på kurva, blir det laga eit kontrollpunkt der du klikkar. Dette punktet kan du flytta på og såleis forandra kurva. Klikkar du utanom kurva, vil det bli laga eit kontrollpunkt der du klikkar, og kurva vil flytte seg til dette nye punktet.

Kvart punkt på kurva har eit “x”-nivå som samsvarar med ein “y”-farge. Dette betyr at dersom du flytter eit kurvesegment horisontalt, altså langs x-aksen, endrar du metninga til dei tilsvarande fargepunkta. Flytter du kurvesegmentet vertikalt, blir lysstyrken for den aktuelle fargen forandra. Dersom du arbeider med fargekanalane, vil flytting mot høgre føre til mindre metning samstundes med at den aktuelle fargen går mot komplementærfargen.

For å fjerne alle kontrollpunkta, unntatt dei i kvar ende av kurva, trykker du på knappen Nullstill kanal. Skal du bare ta bort eitt punkt, kan du flytta det til eit anna punkt eller til kanten av rutenettet.

Alle kanalane

Opna: Bruk denne for å henta inn ei tidlegare lagra fil med nivåinnstillingar.

Lagra: Lagra innstillingane til seinare bruk.

Kurvetype

Jamn: Teiknar ei jamn kurve. Meir realistisk enn det neste valet.

Frihand: Du kan teikna kurva med datamusa. Ved å spreia kurva utover heile skjemaet, kan du få mange overraskande resultat.

Førehandsvis

Dersom denne er markert, kan du sjå endringane direkte på biletet.

Verktøyinnstillingar

Figur 12.77. Verktøyinnstillingane for “Kurve

Verktøyinnstillingane for Kurve


Sjølv om dette verktøyet ikkje er tilgjengeleg frå verktøyskrinet, blir likevel verktøyinnstillingane viste i dialogen under verktøyskrinet. Innstillingane er:

Histogramskala

Desse to knappane har same funksjonane som dei tilsvarande knappane i kurvedialogvindauget.

Flett gjennomsnitt

Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor stort område som skal brukast for å rekna ut gjennomsnittsfargen. (Området er eit kvadrat, så det er eigentleg feil å snakke om radius).