2.7. Intelligent saks

Figur 12.13. Ikonet for verktøyet “Den intelligente saksa” i verktøyskrinet

Ikonet for verktøyet Den intelligente saksa i verktøyskrinet

Den intelligente saksa” er eit interessant stykke verktøy. Det kan likna litt på “Lassoen”, men har også ein del av eigenskapane til baneverktøyet, i tillegg til noen som er spesielle for dette verktøyet. Saksa er særleg nyttig for å velje ut område som er avgrensa med sterke fargekontrastar. Når du bruker saksa, klikkar du av for eit sett med “kontrollpunkt” rundt kanten av det området du ønskjer å velje ut. Saksa vil setje opp ei kurve som går gjennom desse kontrollpunkta medan kurva følgjer mest mogleg dei fargekantane som måtte finnast mellom punkta. Dersom du er heldig, vil dette også vere konturen av det området du ønskjer å markera.

Kvar gong du venstreklikkar med museknappen, set du av eit kontrollpunkt. Dette blir bunde til det førre kontrollpunktet med ei kurve som prøver å følgje fargeskilnadane i biletet. For å avslutta, klikkar du på det første punktet. (Markøren endrar utsjånad for å vise at du har funne det første punktet). Du kan justera kurva ved å dra i kontrollpunkta, eller setja inn nye punkt. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du ein eller annan stad innføre området for å lage utvalet om til ei markering.

[Advarsel] Advarsel

Ikkje klikk innføre området før du er sikker på at markeringa er slik du vil ha ho. Angrehistorikken registrerer ikkje kvart enkelt klikk. Klikkar du på “angre”, blir du ført tilbake til biletet slik det var før du byrja å bruke saksa, og du må begynne heilt frå nytt igjen. Klikkar du deg over til eit anna verktøy, vil også alle punkta du har prikka inn forsvinne. Du kan likevel omforma markeringa til ein bane og arbeida vidare på denne med baneverktøyet.

Diverre ser det ut til at kantføljingslogikken ikkje fungerer heilt slik han er tenkt. Markeringane kan bli nokså dårlege til sine tider. I slike tilfelle kan det vere lurt å slå over til snarmaske og bruke teikneverktøya på problemområda. I det heile er kanskje baneverktøyet meir brukbart enn saksa, sjølv om det ikkje har den “intelligente” kantfinningslogikken som saksa har. Banane står der til du fjernar dei, og kan bli endra når du har behov for det.

2.7.1. Aktivering

Du kan aktivera saksa på tre måtar: Frå biletmenyen via VerktøyMarkeringsverktøyIntelligent saks, frå verktøyskrinet ved å klikke på ikonet eller frå tastaturet med bokstaven i.

2.7.2. Tastekombinasjonar (Standardinnstilling)

Dette verktøyet har ingen spesielle tastekombinasjonar utover dei som er omtalte som felles for alle markeringsverktøya.

2.7.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.14. Verktøyinnstillingane for “Den intelligente saksa

Verktøyinnstillingane for Den intelligente saksa

[Notat] Notat

Sjå felles eigenskapar for eit oversyn over tastekombinasjonar som er felles for fleire av markeringsverktøya. Bare kombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet blir omtalte i dette avsnittet.

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Vis interaktiv grense

Dersom du har merka av for dette valet, vil GIMP vise ruta som grensemarkeringa vil ta frå det førre markeringspunktet og til det nye. Dersom dette valet ikkje er markert, vil GIMP vise ei rett linje frå det førre markeringspunktet og til det nye. Først når du slepp museknappen vil den valde grensa bli markert. Dersom du har ein treg maskin og store avstandar mellom kontrollpunkta, kan det vere litt hjelp i å ikkje aktivisera dette valet.