3.10. Kloneverktøyet

Figur 12.35. Symbolet for “kloning” i verktøyskrinet

Symbolet for kloning i verktøyskrinet

Kloneverktøyet nyttar den aktive penselen for å kopiera frå ein stad til ein annan stad i biletet. Det viktigaste bruksområdet er å reparera digitale foto ved å male over problemområdet med data frå ein annan stad i biletet. Det kan ta litt tid å læra seg teknikkane, men det er vel verd å prøve seg. Eit anna bruksområde er å teikne mønster eller kurver. Sjå nærare om dette i kapitlet om mønsterelement.

Dersom du ønskjer å klone frå eit område i det biletet du arbeider med, eller frå eit heilt anna bilete, må du fortelje GIMP kvar for område som skal kopierast. Dette gjer du ved å halde nede Ctrl-tasten medan du klikkar i det aktuelle området. Før du har gjort dette, vil markøren ha utsjånad som eit “forbodsskilt”.

Dersom du klonar frå eit mønsterelement, vil kloninga bli flislagt. Dette betyr at dersom du kjem utanfor kanten av mønsterelementet, vil kopieringa halde fram frå den motsette sida omlag som om elementet skulle vere lagt side om side i eit uendeleg mønster. Dette gjeld ikkje dersom du klonar frå eit bilete. Kjem du utføre kanten av biletet, vil kloninga stoppe opp.

Du kan klone til og frå alle teikneflatene, dvs. lag, lagmasker og kanalar. Dersom du skifter til snarmaske, kan du også klone til og frå markeringsmasker. Dersom kloninga fører til at du prøver å klone fargar som ikkje blir støtta, t.d. dersom du klonar frå eit RGB-område til eit indeksert område, vil fargane bli tilpassa den næraste valøren.

3.10.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyKlone,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen C.

3.10.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Sjå oversynet over teikneverktøya for omtale av dei innstillingane som er felles for mange av verktøya.

Ctrl

Denne tasten blir brukt for å markere kjelda for kloninga dersom du klonar frå eit bilete. Ingen effekt dersom du klonar frå eit mønster. Du kan klone frå eitkvart lag i eit bilete ved å klikke på biletet eller det aktive laget medan du held Ctrl-tasten nede. Dersom du har vald å hente data frå eit fast punkt, vil data bli henta frå dette punktet. Har du vald å hente data relativt, vil data bli henta frå eit punkt som flytter seg relativt i høve til posisjonen til markøren. Er det kryssa av for direkte, vil data bli henta direkte over eller under markøren. Du finn nærare forklaringar nedanfor.

3.10.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.36. Innstillingane for verktøyet “klone

Innstillingane for verktøyet klone

Dekkevne, modus, pensel, trykkfølsemd, uttoning, harde hantar
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.

Mønsterelement

Du kan få fram oversynet over dei tilgjengelege mønstra ved å klikka i ikonet for mønsterelement. Dette er bare tilgjengeleg dersom du har aktivisert mønsterelement som kjelde.

Kjelde

Du kan velje om kloneverktøyet skal henta data frå eit opna bilete eller frå eit mønster. Dersom du vel eit bilete, må du fortelje GIMP kva lag i biletet som skal brukast som kjelde ved å Ctrl-klikka på det.

Hent klone frå

Her kan du bestemma korleis posisjonen du skal henta data frå skal samsvara i høve til penselstrøka.

Figur 12.37. Klonemodus

Klonemodus

Fast punkt

Klonemodus

Relativt

Klonemodus

Direkte


Bileta syner skjematisk verknaden av dei tre vala. Musemarkøren er vist som eit raudt rektangel, medan kjeldepunktet er vist som eit svart kryss.

Fast punkt

Kvart penselstrøk bli behandla individuelt. Data blir henta frå det punktet du har markert som datakjelde. Det er ikkje noe samband mellom eit strøk og det neste. Ulike penselstrøk vil som oftast lage ugreie dersom dei kryssar kvarandre.

Relativt

Med dette valet aktivisert, vil det første klikket du gjer etter at du har sett klonepunktet (punktet der data blir henta frå) bestemma avstand og retning mellom klonepunktet og avsettingspunktet. Alle seinare kloningar vil bruke den same forskyvinga, heilt til du gjer eit nytt val ved å setje eit nytt klonepunkt og deretter klikke på eit nytt avsettingspunkt.

Direkte

Kopier frå ein stad til same staden. Høyres nokså ufornuftig ut, men er faktisk til tider ganske nyttig. Blir brukt for å klone data frå eitt lag til eit anna. Kan også nyttast når du vil at øvre og venstre kanten i eit mønster skal passe nøyaktig inn i mottakarlaget.

3.10.4. Noen nyttige opplysningar

Gjennomsikt

Måten kloneverktøyet påverkar gjennomsikt er litt komplisert. Gjennomsikt kan i seg sjølv ikkje klonast. Prøver du å klone frå ei gjennomsiktig kjelde, vil ingenting skje. Klonar du frå ei delvis gjennomsiktig kjelde, vil resultatet bli avhengig av kor opakt (ugjennomsiktig) biletet du klonar på er. Dersom du klonar på eit 100% opakt bilete med harde verktøy, blir resultatet slik:

  • Å klone gjennomsiktig svart på kvit gir grå.

  • Å klone gjennomsiktig svart på svart gir svart.

  • Å klone gjennomsiktig kvit på kvit gir kvit.

  • Å klone gjennomsiktig kvit på svart gir grå.

Kloninga kan ikkje gjere eit bilete meir gjennomsiktig, men det kan gjere det mindre gjennomsiktig dersom valet “Ikkje endre gjennomsikt” ikkje er slått av for det aktuelle laget. Klonar du eit opakt område på eit gjennomsiktig område, vil resultatet bli opakt. Klonar du eit gjennomsiktig område på eit gjennomsiktig område, vil resultatet bli eit tettare, dvs. meir opakt, bilete.

Filter-penslar

Det finst ein del andre, ikkje særleg opplagte måtar å bruke kloneverktøyet på. Ein av dei tinga du kan gjere, er å lage “filterpenslar”. Altså å lage ein effekt som minner om å legge til eit filter med ein pensel. For å gjere dette, lagar du ein kopi av laget du arbeider på og legg det ønskte filteret til kopien. Bruk kloneverktøyet i direktemode, og klon frå det nye laget over til det gamle laget.

Historikkpensel

Du kan bruke ein liknande teknikk for å imitere Photoshops “History brush”, som gjer at du kan angre og gjenta endringar utførte med pensel. Også her byrjar du med å lage kopi av det biletet du arbeider på. Gå tilbake til originalen og finn tilbake i angreloggen til det ønskte biletet, anten ved å angre eller ved å bruke angredialogen. Dette må gjerast i originalen fordi kopieringa ikkje kopierer angreloggen. Aktiver kloneverktøyet med kjelde til bilete og justeringa til direkte. Ctrl-klikk på eit lag i det eine biletet og mal på det tilsvarande laget på det andre biletet. Avhengig av korleis du gjer det, vil du nå få anten ein “angrepensel” eller ein “gjentapensel”.