3.9. Fyllepennen

Figur 12.33. Symbolet for “fyllepennen” i verktøyskrinet

Symbolet for fyllepennen i verktøyskrinet

Dette verktøyet simulerer ein fyllepenn (eller annan blekkpenn) med utskiftelege splitter (“pennespissar”). Du kan bestemme breidda, forma og vinkelen på pennen etter kva slag avtrykk du ønskjer han skal gi.

3.9.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyFyllepenn,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen K.

3.9.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Snarvegar

Du kan hente fram dette verktøyet ved å trykke tasten k.

3.9.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.34. Innstillingane for verktøyet “fyllepenn

Innstillingane for verktøyet fyllepenn

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøyskrinet

Dekkevne
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.

Modus
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet oversikt over teikneverktøya.

Justering
Storleik

Bestemmer breidda på pennesplitta på ein skala frå 0, smalast, til 20, breiast.

Vinkel

Bestemmer hellingsvinkelen til pennesplitta, frå -90º til +90º.

Følsemd
Storleik

Bestemmer relativ breidde på splitta i høve til tidlegare innstilling. Legg merke til at null (0) ikkje gir null pennebreidde, men den minst moglege.

Helling

Bestemmer hellinga på splitta. Denne kontrollen verkar saman med vinkelkontrollen nemnd ovanfor, du må difor kanskje eksperimentera litt med desse to for å finna fram til den innstillinga du ønskjer. Innstillinga går frå 0 (minst helling) til 1 (mest helling).

Fart

Bestemmer breidda på splitta som ein funksjon av teiknefarten. Dette simulerer ein verkeleg penn, der streken blir tynnare dess raskare du strekar.

Type og form
Type

Du kan her velje mellom dei tre hovudformene til pennesplitta: sirkel, rombe og firkant.

Form

Du kan i tillegg endra utsjånaden til pennesplitta ved å halde nede museknappen medan du har markøren i det vesle kvadratet i midten av figuren som viser forma. Du endrar forma ved å flytte musemarkøren rundt inne i figuren.