Kapittel 2. Fyr opp GIMP

Innholdsfortegnelse

1. Starthjelp
1.1. Kjende plattformer
1.2. Språk
1.3. Argument i kommandolinja
2. Å starte GIMP for første gong

1. Starthjelp

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1881$ 2006-09-17 KoSt

Avhengig av operativsystemet du har, vil du som oftast starte GIMP ved å trykke på eit ikon på skrivebordet eller ved å skrive gimp på ei kommandolinje. Har du fleire utgåver av GIMP liggjande i maskinen din, må du kanskje skrive gimp-2.2 eller noe liknande for å få opp den siste versjonen. Du kan, dersom det er ønskjeleg, skrive ei liste over biletfiler på kommandolinja etter programnamnet. Desse bileta vil så bli opna automatisk av GIMP. Sjølvsagt kan du også opne filer frå GIMP medan programmet arbeider.

I dei fleste operativsystema kan du tilordne biletfiler slik at dei blir opna i GIMP når du dobbeltklikkar fila eller filikonet.

[Tips] Tips

Ønskjer du at ein bestemt filtype skal opnast automatisk i GIMP, bør du assosiera filtypen med “gimp-remote” (“gimp-win-remote” i Windows) og ikkje med “gimp”. Programmet “gimp-remote”/“gimp-win-remote” er eit tillegg som kjem saman med GIMP. Dersom GIMP ikkje køyrer når du dobbeltklikkar ønskt fil, vil “gimp-remote” starte GIMP og laste inn biletfila. Dersom GIMP alt køyrer, vil fila bli lagt inn i GIMP direkte utan å starte GIMP på nytt slik det skjer om du assosierer fila med “gimp”.

1.1. Kjende plattformer

GIMP kan brukast på fleire plattformer, operativsystem, enn noe anna biletbehandlingsprogram. Til nå er GIMP prøvd ut på desse plattformene:

GNU/Linux™, Apple Mac OS X (Darwin)™, Microsoft Windows 95, 98, Me, XP, NT4, 2000™, OpenBSD™, NetBSD™, FreeBSD™, Solaris™, SunOS™, AIX™, HP-UX™, Tru64™, Digital UNIX™, OSF/1™, IRIX™, OS/2og BeOS™.

Sidan GIMP har opne kjeldekoder, er det enkelt å tilpassa programmet til andre operativsystem. Du kan finne meir om dette på denne Internettadressa: Developer.

1.2. Språk

Til vanleg vil GIMP automatisk finne ut kva språk systemet bruker og tilpassa seg dette. Dette stemmer ikkje heilt når det gjeld norsk. Generell språkkode for norsk er “no”. Bokmål har koden “nb” og nynorsk “nn”. Bokmålsversjonen er lagt inn på “nb” og “no”. Nynorsk vil bli lagt inn på “nn”. Hjelpsidene finst bare på nynorsk, og har fått språkkoden “no”. (Dette etter diskusjon med dokumentasjonsteamet for GIMP). Denne forvirringa kan føre til problem, avhengig av oppsettet på maskinen du bruker. Ein maskin sett til bokmål vil få opp hjelp på nynorsk når du trykker på hjelp i hovudmenyen, eller bruker tasten F1. Dei same operasjonane kan gi melding om at hjelp manglar dersom maskinen er sett til nynorsk. Den enklaste løysinga er då å finne fram til hjelpfilene i GIMP-katalogen. Desse finn du for eksempel i C:GIMP-2.0/share/gimp/2.0/help eller noe liknande. Lag ein kopi av mappa no og gi kopien namnet nn. Når du startar opp GIMP, vil du få opp hjelp anten maskinen er sett til “no” eller “nn”. (Det same trikset kan du bruke for å få fram hjelp om maskinen er sett til “nb”). Ein annan måte er å gå inn i katalogen GIMP-2.0/lib/locale og finne mappene nb, nn og no. Gi mappa no eit nytt namn, t.d. no-orig, og gi mappa nn namnet no. Set du nå språkkoden på maskinen din til “no”, skulle alt vere i orden.

Det er noe av det same problemet som gjer at du finn ein del typiske bokmålsord i denne dokumentasjonen. Dette har eg ingen kontroll med. Årsak: Ein del standarduttrykk blir omsette automatisk. Ordlista som blir brukt er sett opp på bokmål for “no” og “nb”. Så ikkje legg skulda på meg når du finn “innholdsfortegnelse” eller “hjem” i desse dokumenta. Kanskje noen i Linuxmiljøet kan gjere noe med dette?

Sidan eg er inne på det, så er dei fleste faguttrykka etter tilråding frå Skolelinux (18n-no_at_lister.ping.uio.no) og etter diskusjonar på Ordsmia (ordsmia_at_lister.sprakrad.no). Dette for at språket i GIMP skal vere mest mogleg det same som i andre, liknande program i KDE, Gnome og OpenOffice.org.

Ønskjer du å bruke GIMP på eit anna språk enn norsk, er det enkelt å skifte:

Linux

I LINUX: i “console mode”, skriv du LANGUAGE=xx GIMP eller LANG=xx GIMP der du bytter ut “xx” med koden for det språket du ønskjer.

Windows XP

I WINDOWS XP: Trykk på Start-knappen og vel Kontrollpanel. Derifrå går du til /Innstillinger for region og språk/Regionale innstillinger/. Vel språk frå nedtrekkslista. Dersom du har stilt inn oppgåvelinja til å vise språk, kan du også endre dette frå oppgåvelinja.

Dersom du ofte skifter språk, kan du lage ei batchfil. Opna Notisblokk og skriv inn følgjande (for fransk):


              set lang=fr
              cd c:\Program Files\GIMP-2.0\bin
              GIMP-2.2.exe
            

Lagra fila som GIMP-FR.BAT (eller eit anna høveleg namn, men alltid med filutvidinga .BAT). Lag ein snarveg til fila på skrivebordet.

Windows ME

Start/Program/Tilbehør/Systemverktøy/Systeminformasjon/ Verktøy/System konfigurasjon/“Miljøvariabler” tab/“Ny” knappen: Skriv LANG for namn og en, fr eller de osv. for verdi.

Windows 95/Windows 98

Legg til linja set lang=no i “C:\autoexec.bat” fila.

Apple Mac OS X

Gå til System Preferences, klikk på ikonet “International” og set det ønskte språket øvst på lista.

1.3. Argument i kommandolinja

Normalt treng du ikkje skrive inn argument i kommandolinja når du startar GIMP. Her er likevel ei liste over argument som frå tid til annan kan bli aktuelle. Lista er ikkje komplett. Køyrer du Unix kan du frå fram heile lista ved å køyre man gimp i eit terminalvindauge. Bruker du Windows, er det enklast å hoppe over heile lista og heller starte GIMP ved å klikke på GIMP-ikonet på skrivebordet.

-h, --help

Vis ei liste over alle kommandoane

-v, --version

Skriv kva for versjon av GIMP som er i bruk, og slutt av programmet.

--verbose

Vis detaljerte oppstartmeldingar.

-d, --no-data

Ikkje last inn mønsterelement, fargeovergangar, palettar eller penslar. Kan vere nyttig i ikkje-interaktive situasjonar der oppstarttida skal vere kortast råd.

--display display

Bruk X visning (gjeld ikkje på Microsoft Windows).

-s, --no-splash

Ikkje vis oppstartskjermen.

--session name

Bruk eit anna sessionrc for denne GIMP-økta. Det gjevne “session name” blir lagt til det normale “sessionrc filename”.

-g, --gimprc gimprc

Bruk ei alternativ “gimprc”-fil i staden for den vanlege. “gimprc”-fila inneheld data om innstillingane dine. Kan vere nyttige når banane til programtillegga eller maskinoppsettet er endra.

-c, --console-messages

Ikkje bruk sprettoppvindauge ved varsling av feil. Skriv meldingane til konsollen i staden.

-b, --batch commands

Utfør kommandosettet “non-interactively”. Kommandosettet er typisk eit skript som blir utført av ei av GIMP sine skriptutvidingar. Dersom kommandoen er -, vil kommandoane bli lesne frå standarinngangen.