Kommandoen «Forvreng» gjer omrisset av utvalet meir eller mindre ujamt.
Ved hjelp av denne kommandoen kan du bestemma kor stor forvrenginga skal verta. Det er uråd å vita korleis resultatet vert, så her er det berre å prøva seg fram.
Ein høg grenseverdi vil gjera det forvrengte området mindre, medan ein lågare grenseverdi vil gjera utvalet større.
Dersom det gjeldande utvalet har ei regelrett form, dvs. er eit rektangel- eller ellipseutval, vil dette valet bestemma om det nye omrisset er mest på innsida eller mest på utsida av det opphavlege utvalet.
Ei høg spreiing vil auka forvrenginga.
Ei høg korning vil gjera forvrenginga større.
Ei høg utglatting vil gjera forvrenginga mindre.
Dersom Glatt ut vassrett og Glatt ut loddrett vert slått av, vil dette auka forvrenginga.