Dette filteret legg lysglimt i dei lysaste punkta i biletet ut frå ein terskelverdi du har lagt inn. Det kan vera vanskeleg å sjå på førehand kvar desse lysglimta vil dukka opp i biletet, men du kan styra det ein del ved å teikna kvite punkt der du ønskjer desse funklande glimta.
Du bestemmer verdiane ved hjelp av glidebrytarar og innskrivingsboksar.
Dersom denne er avkryssa, vert endringane viste i førehandsvisinga. Du kan flytta rundt i biletet ved hjelp av rullefelta.
Denne glidebrytaren styrer på ein skala frå 0,0 til 0,1 kor lyse områda må vera for å verta påverka av lyseffekten. Dess høgare verdi dess fleire lysglimt.
Denne glidebrytaren bestemmer på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 breidda på det sentrale lyspunktet og på strålen.
Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 1 til 100 lengda på strålane. Når du reduserer lengda, vert dei små strålene påverka først.
Her bestemmer du kor mange lange strålar, frå 0 til 16, det skal vera i kvart lysglimt. Det vert også like mange av dei mellomliggande korte strålane. Når talet er eit oddetal, vert ein kort stråle sett motsett av ein lang stråle. Er talet eit partal, vert dei lange strålane sett motsett av kvarandre.
Dette er vinkelen, 0° til 360°, til den første strålen i høve til vassrett. Verdien -1 gjer at vinkelen vert vald tilfeldig.
Dette talet bestemmer kor stor prosentdel (0,0 til 1,00) av dei moglege punkta i biletet som skal verta til lysglimt. Tala vert avrunda slik at t.d. 10 % (0,10) av 6 moglege punkt vert eitt punkt.
Med aukande gjennomsikt (0,0 - 1,0) vert lysglimta meir gjennomsiktige slik at fargane i eit eventuelt underliggjande lag vert meir synlege og lysglimtet mindre synleg. Dersom det ikkje er noko lag under, vert lysglimtet mindre synleg.
Dette valet endrar kuløren tilfeldig (0,0 - 1,0).
Gir ei tilfeldig metning av strålefargen (0,0 - 1,0).
Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den lysaste pikslen. Dette gjer at heile lysglimtet vert lysare.
Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den mørkaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet vert mørkare.
I staden for å lage lysglimt i dei lysaste punkta i biletet, vert det laga ei ramme av lysglimt rundt biletet.
Du kan endra fargen på sentrale pikslar der. Denne fargen vert lagt til i skjermmodus (multipliser viss det er merkt av for Invers). «Naturleg farge» er fargen på pikselen i biletet.