11.16. Mjukglød (tradisjonell)

11.16.1. Oversyn

Figur 17.240. Eksempel på bruk av filteret «Mjukglød (tradisjonell)

Eksempel på bruk av filteret «Mjukglød (tradisjonell)

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Mjukglød (tradisjonell)

Filteret «Mjukglød (tradisjonell)» brukt


Dette filteret gjer biletet lysare med ein mjuk glød tilsvarande det gamle trikset med å smøra vaselin på linsa. Mjukglød lagar denne effekten ved å gjera lyse område i biletet lysare.

11.16.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterArtistiskMjukglød….

11.16.3. Innstillingar

Figur 17.241. Innstillingane for filteret «mjukglød»

Innstillingane for filteret «mjukglød»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Glødradius

Denne glidebrytaren styrer kor sterk effekten skal vera.

Lysstyrke

Dette kontrollelementet vert brukt for å bestemma kor mykje lysare høglysa skal verta.

Skarpleik

Dette kontrollelementet bestemmer kor skarpt definert, eller kor diffus glødeffekten skal vera.