Dette programtillegget bytter ut fargane i biletet med fargar frå den aktive paletten vald via
→ → .Kvar piksel i teikneområdet (laget, utvalet o.l.) får farge frå paletten ved at filteret reknar ut fargegløden for pikselen og brukar denne verdien for å henta den fargen som har tilsvarande indeksnummer i paletten. Ein svart piksel i biletet vil såleis få den første fargen i paletten, medan ein kvit piksel vil få den siste fargen. Filteret arbeider både på gråskala- og RGB-bilete, med og utan alfakanal.