5.20. Innrulling

5.20.1. Oversyn

Figur 17.106. Eksempel på bruk av filteret «innrulling»

Eksempel på bruk av filteret «innrulling»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «innrulling»

Eksempel på bruk av filteret «innrulling»


Filteret rullar inn eit hjørne på det aktive laget eller utvalet. Det vert opna eit nytt «innrullingslag» i biletet og ein ny alfakanal. Den delen av innrullingslaget som ikkje er med i effekten vert gjennomsiktig slik at det underliggande laget vert synleg der hjørnet er rulla inn.

5.20.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterForvrengingarInnrulling….

5.20.3. Innstillingar

Figur 17.107. Innstillingar

Innstillingar

Posisjon

Du kan velja kva hjørne som skal ha innrullinga: Øvre, venstre, Øvre, høgre, Nedre, venstre eller Nedre, høgre.

Orientering

Her bestemmer du kva kant innrullinga skal føregå frå, Horisontal eller Vertikal.

Skygge under bretten

Dette er skyggen på innsida av innrullinga.

Forgrunn-/bakgrunnfarger, Gjeldande fargeovergang, Gjeldande fargeovergang (reversert)

Instillinga gjeld den ytre delen av hjørnet.

Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer dekkevna til innrullinga, altså kor synleg biletet under bretten skal verta. Du kan også bestemma dekkevna i lagdialogen om det passar betre.