Figur 17.234. Eksempel på bruk av filteret «Oljemaling (tradisjonell)»
Originalbiletet
Filteret «Ojemaling (tradisjonell)» brukt
Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet vert nokså likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret skal bruka med kommandoen Penselbreidde.
![]() |
Tips |
---|---|
Ønskjer du meir kontroll med korleis «oljemalieriet» skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar. |
Med denne glidebrytaren bestemmer du kor grov pensel du vil bruka. Ein brei pensel gjev ein meir «maleriliknande» utsjånad.
Du kan bruka eit kart i maskestorleik for å kontrollera Maskestorleik delvis. Maskestorleiken vert redusert i høve til kor mørk tilsvarande piksel er i mønsterbiletet (kartet). Du kan velja mellom alle opne bilete med same storleik som kjeldebiletet.
Eksponenten bestemmer dekkevna for penselen som lager dei oljeaktige stroka.
Du kan bruka eit eksponentkart for å kontrollera varierande tettleik for penselberøringa. Dekkevna vert redusert i høve til kor mørk tilsvarande piksel er i mønsterbiletet. Du kan velje mellom alle opne bilete med same storleik som kjeldebiletet.
Intensitetsalgoritmen vert brukt for å gjerebiletdetaljane og fargane meir likt originalbiletet.