15.2. Biletkart

In Web sensitive images are frequently used to get some effects when defined areas are enabled by the pointer. Obviously the most used effect is a dynamic link to another web page when one of the sensitive areas is clicked on. This «filter» allows you to design easily sensitive areas within an image. Applications for website design have this as a standard function. In GIMP, you can do this in a similar way.

15.2.1. Oversyn

Dette programmet blir brukt til å lage faste, avgrensa område på biletet og definera desse områda som klikkområde, dvs. område som du kan klikka på for å hoppe vidare til andre stader i nettverket. Det er også råd å definere andre handlingar kopla til desse biletområda. Filteret generer dei tilhøyrande HTML-kodene som du kan kopiere inn på høveleg stad i nettsida di.

I dette kapitlet har vi avgrensa oss til å omtale dei vanlegaste bruksmåtane for dette eigentleg nokså komplekse filteret. Ønskje du å utforska filteret nærare, kan du kikke på nettsida [GROKKING02].

15.2.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterNettsiderBiletkart

Storleiken på opningsvindauget er avhengig av storleiken på det biletet du opnar filteret frå. Du kan forandre storleiken på vindauget ved å klikke på eitt av symbola oppe til høgre i biletvindauget, eller ved å dra ut sidene på vanleg måte med musepeikarane. Du kan forstørre eller forminske biletet ved hjelp av lupene på menylinja. Vindauget er delt inn i

  • menylinja,

  • verktøymenyen,

  • arbeidsområdet med teikneflata og loddrett verktøymeny og i

  • utvalsområdet, også dette med ein liten verktøymeny.

15.2.3. Innstillingar

Figur 17.409. Innstillingane for filteret «biletkart»

Innstillingane for filteret «biletkart»

Vindauget for biletkartfilteret


15.2.3.1. Menylinja

Menylinja likna mykje på menylinja i biletmenyen, men med noen få unntak:

Fil
Lagra; Lagra som

I motsetnad til andre filter blir resultatet av dette filteret ikkje lagra som biletfil, men som tekstfil.

[Tips] Tips

Du kan sjå innhaldet i tekstfila ved å bruke kommandoen VisResultatkode.

Opna; Tidlegare opna

Du kan opna tidlegare lagra tekstfiler. Områda du har definert blir lagt oppå det biletet som er i bruk. Dersom det viste biletet ikkje er det originale biletet, eller er i eit anna format, vil GIMP spørje om skaleringa passar.

Rediger
Innstillingane for redigeringsområdet

Figur 17.410. Redigere biletområde

Redigere biletområde

Dette dialogvindauget kjem opp automatisk når du markerer eit nytt lenkeområde. Her bestemmer du kva som skal skje når du klikkar i det markerte området. Dersom du hentar HTML-fila ved hjelp av nedtrekkslista, får du bare filnamnet i lista. Du må føye til eventuell filbane manuelt. I fanen JavaScript kan du legge inn skript for onMouseover, onMouseout o.l.

Vis

Her finn du spesielle innstillingar for biletet:

Områdeliste

Med denne kan du skjule eller opne utvalslista heilt til høgre i vindauget. (Verkar ikkje i min versjon 2.6.2).

Resultatkode

Klikk på denne for å sjå korleis tekstfila som filteret lager ser ut.

Farge, gråskala

Her vel du fargemodell for biletvisinga i filteret. Innstillinga har ingen innverknad på originalbiletet.

Kartografi

Her har du dei same vala av markeringsfigurar som du finn i menyen til venstre i vindauget.

Pil

Pilverktøyet blir brukt for å flytte klikkområda på rundt om på biletet.

Dersom markeringa er eit polygon (ein mangekant), kan du bruke flytteverktøyet for å flytte dei raude punkta. Høgreklikk på eit segment mellom to raude punkt for å opna ein meny med fleire ulike funksjonar for å behandla markeringa: fjerne eit raudt punkt, legge til eit punkt osv.

Rektangel, sirkel, polygon

Desse figurane blir brukte for å lage klikkeområda på biletet. Klikk der du ønskjer området, flytt peikaren og klikk igjen. Med polygonet klikkar du ein gong i kvart hjørne og avsluttar med dobbeltklikk. Når du er ferdig med klikkinga, vil dialogvindauget for innstillingane for lenkeområdet opna seg.

Rediger biletkartinfo

Figur 17.411. Rediger data for biletetkartet

Rediger data for biletetkartet

I dette dialogvindauget kan du skrive inn ein del data som blir lagt til i utgangsfila. Utviklar og Beskriving blir lagt inn som merknader (mellom HTML taggane <!-- ... -->). Biletnamn, Tittel og Standard-URL blir lagt inn i HTML-taggane <img> eller <area>. Standard-URL er den adressa du skal gå til når du klikkar på biletet utanom dei markerte felta.

Verktøy

Verktøya er her hjelpemiddel for å opprette hjelpelinjer og rutenett og innstillingane for desse:

Rutenett og innstillingane for dette

Figur 17.412. Innstillingane for rutenettet

Innstillingane for rutenettet

Her kan du slå av og på rutenettet som blir brukt for å plassera klikkområda nøyaktig. Du kan også bestemme utsjånaden på rutenettet.

Bruk hjelpelinjer

Hjelpelinjene er rette linjer som i utgangspunktet går langs kantane av biletet, men kan flyttast etter behov ved å ta tak i dei raude handtaka. Du kan bruke desse linjene til å definere eit rektangelforma klikkområde i biletet. For å gjere hjelpelinjene aktive, må du krysse av for å legge til hjelpelinjer på alle kantane i menyen som kjem fram når du klikkar på Bruk hjelpelinjer.

Lag hjelperuter

Figur 17.413. Innstillingane for hjelperutene

Innstillingane for hjelperutene

Innstillingsmenyen for hjelperutene


I staden for å opprette ulike geometriske figurar som markerer klikkområda, kan du legge inn ein tabell med rektangulære klikkområde ved å klikke på Lag hjelperuter. Det kjem då opp eit dialogvindauge der du kan bestemme kor store rutene skal vere, avstanden mellom dei, kor mange rader og kolonner det skal vere i tabellen og øvre og venstre startpunkt. Alle mål er i pikslar. Kvar rute definerer eit separat klikkområde. Er du ikkje heilt nøgd med resultatet, kan du redigere kvar rute for seg ved å flytte på dei raude firkantane som kjem fram rundt ruta når ho er aktiv.

15.2.3.2. Menylinja

Dei fleste oppføringane her er snarvegar for funksjonar som er omtalte tidlegare på denne sida. Unntak:

Flytt opp/ned

Desse knappane blir brukte for å flytte innføringane i utvalslista oppover eller nedover på lista. Dersom to lenkeområde overlappar kvarandre, vil det som er øvst på lista vere det som blir aktivert når du klikkar i området.

15.2.3.3. Arbeidsområdet

Figur 17.414. Arbeidsområdet

Arbeidsområdet

Til venstre finn du hovudarbeidsområdet der du legg inn dei figurane (rektangel, sirkel eller mangekant) som markerer dei området på biletet som skal gi ein eller annan reaksjon når du klikkar på dei.

Dei aktuelle figurane hentar du fram ved å klikke på ønskt symbol i lista til venstre for arbeidsområdet. Pilknappen øvst i lista blir brukt for å flytte på tidlegare definerte område. Nedst i lista finn du ein knapp for å redigere eigenskapane for det valde området. Alle desse funksjonane finn du også i menyen kartografi.

[Obs] Obs

For å unngå problem, bør klikkområda helst ikkje overlappe kvarandre.

15.2.3.4. Utvalsområdet

Heilt til høgre finn du ei liste over klikkområda du har laga til. Du kan klikka på ei av desse linjene for å aktivere utvalet. Det tilsvarande området på biletet blir vald automatisk slik at du eventuelt kan redigera det.

Sjølv om ikona ved sida av utvalsvindauget er nokså sjølvforklarande, kjem det fram ei beskriving når du held musepeikaren over dei.

Pilene for å flytte utvala opp og ned på lista verkar ikkje. Sidan du likevel er nøye med at klikkområda ikkje overlappar, har du vel i grunnen heller ikkje bruk for pilene. I yttarste naud kan du bruke flyttikona på menylinja.