Dette filteret finn ut kva for farge som er den mest brukte rundt kantane av biletet og legg denne fargen som forgrunnsfarge i verktøykassa. Filteret kan samla fargar som liknar kvarandre i grupper og rekne ut frekvensen for desse grupperingane. Dette filteret kan vera interessant når du har bruk for å finna ein bakgrunnsfarge som avvik minst mogleg frå biletfargen, t.d. for ei nettside. Sidan filteret ikkje forandrar noko i biletet, vert bruken av det ikkje registrert i angreloggen og kan heller verta sletta med Ctrl + Z.
Notat | |
---|---|
Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av. |
Du bestemmer her Breidde på ramma i pikslar eller andre måleeiningar etter val.
Filteret samlar fargane i større eller mindre «bøtter». Store bøtter bettyr at filteret samlar mange liknande fargar i ei bøtte. Små bøtter betyr at filteret får mange bøtter til rådvelde, og kan såleis sortera fargane meir nøyaktig. I bøttestorleik bestemmer du kor store desse bøttene skal vere. Små bøtter gir eit meir nøyaktig resultat, men dette treng likevel ikkje vere det same som eit betre resultat. Sjå eksemplet nedanfor.
Sidan bøttene er små, vert det mange av dei. Alle sjatteringar av ulike fargar kan verta lagra i ulike bøtter. Her er det mest farge i bøtta med raudfarge. Resultatfargen som vert lagt inn som forgrunnsfarge i verktøykassa er difor nesten reint raudt (254, 2, 2).
I dette eksemplet er det brukt store, og difor få, bøtter. Fargar som liknar kvarandre (her grønt) vert lagra i same bøtta. Bøtta med grønt vert difor den med mest farge i. Dersom vi skriv fargane i hex-notasjon ser vi at alle fargane i den grøne bøtta har dei to mest signifikante bits felles: (00******;11******;00******). Dei resterande 6 bits (merka med *) kan ha kva verdi som helst. Sidan hex 111111 er det same som 63, betyr dette at fargeverdiane kan vera frå 0 til 63. I den grøne bøtta kan såleis raudkanalen vera mellom 0 og 63, grønkanalen mellom 192 og 255 og blåkanalen mellom 0 og 63. Resultatfargen er grøn (32,224,32). Dette er gjennomsnittet for grenseverdiane for kvar einskild kanal: (63 + 0)/2, (255+192)/2 , (63+0)/2. (Dersom du beherskar hex-notasjon, vert det faktisk meir forståeleg om du skriv alt i hex).