«Inverteringsgruppa» inneheld lagmodus som inverterer fargane på ein eller annan måte.
I modus Differanse vert pikselverdiane i det øvre laget trekte frå dei tilsvarande verdiane i det nedre laget. Sluttverdien er den absolutte verdien av differansen. Du kan bruka denne modusen for å samanlikna to lag. Viss dei er identiske, vert resultatet null (svart), elles viser resultatet variansen av toneverdiane i kvar piksel. Ein kvit forgrunn inverterer bakgrunnen, medan ein kvit bakgrunn inverterer forgrunnen.
Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.
Ekskludering-modus inverterer dei lyse områda i det andre laget. Mørke område vert ikkje endra. Denne modusen liknar såleis differanse-modusen, men reduserer kontrasten i middels grå verdier i det respektive andre laget, i ekstreme tilfelle opp til null.
Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.
I modus Trekk frå vert pikselverdiane i det øvre laget trekt i frå (subtrahert) dei tilsvarande pikselverdiane i laget under. Som oftast vert resultatet eit mørkare bilete med svært mykje svart, eller nær svart.
Modus Trekk ut korn er tenkt brukt for å trekkja ut «filmkorna» frå eit lag for å produsera eit nytt, kornete lag, men kan også vera brukbar for å laga relieffliknande overflate. Verkemåten er å trekka piksleverdiane i det øvre laget frå verdiane i laget under og deretter leggja til 0,5.
Flett korn flettar eit kornete lag, t.d. laga med modus «Trekk ut korn», saman med det gjeldande laget slik at dette vert kornete. Dette er det motsette av å «Trekkja ut korn». Pikselverdiane for dei to laga vert lagt saman og deretter vert det trekt 0,5 frå den samanlagte verdien.
I modus Divider vert kvar pikselverdi i det nedre laget dividert med tilsvarande pikselverdi i det øvre laget (men unngår å dividera med null). Gjev som oftast eit lysare bilete som av og til kan sjå noko «utbrend» ut.