Det er to utgåver av Script-Fu-programma:
Desse skripta krev ikkje at det finst eit bilete. Dei lagar til vanleg eit bilete sjølv. Tidlegare var det fleire skript som vart levert med GIMP som høyrde til denne kategorien. Alle resultata såg utdaterte ut samanlikna med dagens standardar, og dei var ikkje godt haldne ved like. Dette er grunnen til at dei ikkje vert installerte etter GIMP 2.10.
Viss du ønskjer å bruka desse skripta, så er dei framleis tilgjengelege som separate nedlastingar som du må installera sjølv. Du finn desse og andre ressursar her.
Tidlegare var det ein dedikert Script-Fu-meny. I dag er dei fleste skripta og programtillegga logisk kategorisert og lagt til menyen som liknar mest på funksjonen dei har. Dei fleste skripta vert viste i menyen
, men fleire av dei også i menyen .Nokre skript med spesifiserte funksjonar kan finnast i andre menyar, for eksempel skriptet
(script-fu-paste-as-brush) vert lagt inn i menyen ( → → ), noko som er meir logisk.Notat | |
---|---|
Nokre eldre skript som ikkje er oppdaterte, kan framleis verta viste i den dedikerte toppnivåmenyen . |