3.4. Å bruka eksterne program

Med unnatak for XCF-filene brukar GIMP programtillegg («plugins») for å lesa og skriva biletfiler. Desse programtillegga brukar eksterne bibliotek eller program. For eksempel så har GIMP ikkje støtte for PDF og PostScript. I staden for å lesa (eller skriva) PDF (filutviding .pdf) og PostScript-filer (filutviding .ps eller .eps), brukar GIMPeit gratis, men kraftig, program kalla Ghostscript.

Dei fleste Linuxdistribusjonane vert leverte med Ghostscript ferdiginstallert, om enn ikkje alltid siste versjon. I Windows er Ghostscript[GHOSTSCRIPT] teke med i installasjonsprogrammet, så du treng ikkje installera det spesielt.