3.6. Dra og slepp

Du kan også klikka på biletikonet eller filnamnet og dra biletet og sleppa det i GIMP si verktøykasse for å opna biletet. Slepp du biletet i eit bilete som er i bruk, vert det lagt til i dette biletet som eit nytt lag eller eit sett med lag.

Mange program har støtte for at du kan dra og sleppa eit bilete inn i GIMP. For eksempel kan du dra eit bilete frå Firefox og sleppa det i GIMP si verktøykasse.