3.3. Nokre verktøyikon manglar

Verktøy med liknande funksjonar er no grupperte saman som standard. Flytt musepeikaren over eit ikon for å sjå dei andre ikona i gruppa. Avhengig av verktøyinnstillingane (sjå nedanfor) kan du sjå dei andre ikona i gruppa ved å halda musepeikaren over gruppa eller ved å klikka på ikonet. Den vesle trekanten nederst til høgre på verktøyikona fortel at det er fleire ikon i denne gruppa.

I verktøyinnstillingane kan du også slå av grupperinga eller endra grupperingane for å laga nye grupper.