2.2. Utvalet er usynleg

Figur 4.2. Merk av for «Vis utval»

Merk av for «Vis utval»

Sjå etter i Vis-menyen at det er avmerkt for Vis utvalsgrensene.


Forklaring: Dersom dette er problemet, vil du truleg alt ha løyst det berre ved å ha lese så langt. Men berre for å ha forklart det likevel: Av og til er den blinkande linja som viser utvalet nokså i vegen. Særleg om du skal granska detaljar nær denne linja. Difor har du i GIMP høve til å slå av merkinga i biletmenyen VisVis utvalsgrensene. Det kan vera lett å gløyma at du har gjort nettopp dette.

Løysing: Dersom det ikkje har gått opp nokre lys for deg nå, er det kanskje andre problem som ligg bak. Er det likevel dette som er problemet, er du sikkert klar over kva som er løysinga. Du må altså klikka på VisVis utvalsgrensene i biletmenyen dersom denne ikkje er markert.