Kommandoen
vert brukt for å laga mjuke overgangar rundt utvalet. Til vanleg brukar ein innstillinga «Mjuke kantar» i verktøykassa for dette, men det er ingenting i vegen for å gjera operasjonen ein gong til med denne kommandoen.Skriv inn breidda på den mjuke kanten. Normalt vert denne oppgjeve i pikslar, men du kan endra måleeining i nedtrekksmenyen.
Viss utvalet er på biletkanten eller går utanfor denne, vil dette valet oppføra seg som om det valde området held fram utanfor biletet.