Kommandoen roterer det aktive laget 180° rundt sentrum av laget. Operasjonen fører ikkje til tap av pikseldata. Forma på laget vert heller ikkje endra. Sidan laga er rektangulære, vil ei rotering på 180° berre snu laget opp ned utan at det går ut over biletkantane.