Denne kommandoen flettar saman dei synlege laga til eit nytt lag øvst i lagstabelen.
Føremålet er å kunne arbeide vidare på resultatet men behalde stega som førte hit. Eit eksempel: Du ønskjer å sløre nokre område i eit bilete med fleire lag. Dersom du oppretter eit nytt lag frå dei synlege laga, slører dette og legg på ei lagmaske, og visker ut dei områda som ikkje skal slørast på originalbiletet.