6.13. Lagra fargeprofilen til fil

Dersom du ønskjer å lagra ein kopi av ICC-profilen, trykk på knappen Lagra fargeprofilen til disk.

6.13.1. Aktivering

Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteFargestyringLagra fargeprofilen til fil.

6.13.2. Merknadar om Lagra fargeprofilen til disk

Lagra fargeprofilen til disk er nyttig når du ønskjer å lagra ein kopi av fargeprofilen som er brukt i eit bilete.

Lagra fargeprofilen til disk kan også brukast for å lagra ein kopi av den innebygde sRGB-profilen i GIMP.

6.13.3. Eit eksempel med skjermbilete som viser korleis du kan bruka Lagra fargeprofil til fil

Vi går ut frå at du ønskjer å lagra ein kopi av GIMP sin innebygde sRGB-profil.

  1. Opna eit bilete som brukar GIMP sin innebygde sRGB-profil:

  2. Trykk på «Bilete/Fargestyring/Lagra fargeprofilen til fil».

    Dialogvindauget «Lagra fargeprofilen» er delt i tre område. Bruk det venstre og det midtre området for å finne fram til staden der profilen skal lagrast.

    Når du lagrar ein profilkopi er det heilt i orden å endra det føreslegne namnet. Hugs at nokre program, spesielt slike som vert køyrde frå programlinja, har problem med mellomrom i namnet. Du bør bruka filutvdinga «.icc» eller «.icm» fordi ikkje alle program greier å kjenne igjen ein ICC-profil med ei anna filutviding.

    Når du har funne lagringsstaden og har skrive inn eit filnamn, trykk på knappen «Lagra» nede i høgre hjørne av dialogvindauget for å lagra kopien.

  3. Du kan også lagra over ein eksisterande ICC-profil. Då vil feltet på høgre side i dialogvindauget visa ein del informasjon som vonleg inneheld nok opplysningar til at du verkeleg vil overskriva den eksisterande fila: