Denne kommandoen gjer at lerretet, teikneområdet, får same breidd og høgd som det største biletlaget.
Når eit bilete vert laga eller opna, vil lerretet ha same format som biletet og vert ikkje forandra om du legg til nye lag. Dersom du legg til eit lag som er større enn lerretet, vil berre den delen av laget som er innføre lerretet vere synleg. Bruk denne kommandoen for å vise heile laget.