Du kan bruka kommandoen
for å omforma biletet til gråtoner. Resultatet vert eit gråtonebilete der fargane vert omgjorde til gråtoner frå svart til kvitt i éin kanal.Kor mange tonesteg det er mellom svart og kvit er avhengig av biletpresisjonen:
Heiltalspresisjon:
Eit 8-bits heiltals gråtonebilete har 255 tonesteg frå 0 (svart) til 255 (kvit).
Eit 16-bits heiltals gråtonebilete har 65 535 tonesteg frå 0 (svart) til 65 535 (kvit).
Eit 32-bits heiltals gråtonebilete har i teorien 4 294 967 295 tonesteg frå 0 (svart) til 4 294 967 295 (kvit). Men GIMP 2.10 utførar alle interne høg-bits-prosessar som 32-bits flyttal slik at det verkelege talet på tonesteg vert det same som for 32-bits flyttalsbilete.
Med flyttalspresisjon: talet på tonesteg i eit gråtonebilete er avhengig av bit-djupna (8-bits, 16-bits eller 32-bits) og korleis programmet handsamar flyttal (sjå Flyttall (bokmål) for meir om dette).