«Drei og knip» forvrenger biletet på ein konsentrisk måte.
«Drei» lagar om biletet til noko liknande straumkvervelen som kan oppstå når du tømmer badekaret. Roteringsvinkelen må i tilfelle vera ulik null.
«Knip», utan rotasjon, verkar omlag som om du har fest biletet på eit stykke mjuk gummi og bøyer og strekkjer denne gummibiten. Dersom Vrengingsmengda er negativ, vil biletoverflata sjå ut som ho sveller oppover, medan ein positiv verdi resulterer i ei biletflate som vert trykt ned ovanfrå.
Tips | |
---|---|
Effekten av «Knip» kan av og til kompensera for forvrengingar i bilete tatt med tele- eller fiskeaugeobjektiv. |
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Kontrollerer kor mange grader den påverka delen av biletet skal roterast med eller mot klokka (-360° til 360°).
Bestemmer kor mykje den påverka delen av biletet skal knipast. Verdi -1 til +1.
Virvelbreidda (0,0 - 2,0). Bestemmer kor mykje av biletet som skal påverkast av deformeringa. Ein radius
på 2,0 vil påverka heile biletet. Set du radius
til 1, vert halve biletet påverka. Viss radius
vert sett til 0 , vert ingenting påverka. Du kan tenkja på radius som ein sirkel med 0 i midten og 1 halvvegs ut.