Dette filteret lager ei stor stjerne med stråler i biletet. Filteret verkar både på gråskala- og RGB-bilete. Lysmengda avtar omvendt proporsjonalt med avstanden frå midten av stjerna.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Du kan bruka innskrivingsboksane og setja vassrett (X) og loddrett (Y) koordinat for midtpunktet av supernovaen. Du kan også klikka og dra midtpunktet i førehandsvisinga.
Dette er radius for senterområdet til supernovaen. Den øvre grensa ser ut til å vera uendeleg. Når du aukar verdien, vert talet på sentrale kvite pikslar auka etter formelen r · r, (1, 4, 9 …), altså kvadratet av avstanden.
Radius vert representert med ei vassrett linje med eit kryss i enden i førehandsvisinga. Du kan klikka og dra dette krysset for å endra radiusen.
Her bestemmer du kor mange stråler (1-1024) supernovaen skal sende ut.
Tilfeldige fargestråler. Verdiane (0 til 360) ser ut til å vera på HSV-fargesirkelen.
Klikk på fargeruta for å opne det vanlege fargedialogvindauget for å bestemma fargen på effekten.
Det er også ein fargeplukkar. Når denne er vald, vert musepeikaren endra til eit kvadrat. Dette viser kor stor fargeprøven er. Du kan endra storleiken i vindauget for GEGL-operasjonar i verktøykassa.
Filtereffekten sett tilfeldig. Du kan endra frø.