11.8. Enkel lineær interaktiv klasing

11.8.1. Oversyn

Dette filteret lagar superpikslar basert på k-gjennomsnitt klasing. (SLIC = "Simple Linear Iterative Clustering").

Superpikslar er ein liten klase av pikslar som delar liknande eigenskapar. Superpikslar forenklar biletet med mange pikslar, noko som gjer dei enklare å kjenna igjen i mange samanhengar, som datasyn, mønstergjenkjenning og maskinintelligens. Målet for GIMP er mindre pretensiøst: å laga ein posteriseringseffekt.

k-gjennomsnittsklasing er ein av dei mest brukte algoritmane for å laga superpikslar. Fargen på superpikslane vert laga som eit gjennomsnitt av pikselfargane i det tilsvarande området.

11.8.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterArtistiskEnkel lineær iterativ gruppering… .

11.8.3. Innstillingar

Figur 17.211. Innstillingane for filteret «Enkel lineær iterativ gruppering»

Innstillingane for filteret «Enkel lineær iterativ gruppering»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Områdestorleik

Auking av områdestorleiken samlar fleire pikslar, og gjer også superpikslane større.

Figur 17.212. Eksempel på «regionstorleik

Eksempel på «regionstorleik

Områdestorleik = 16

Eksempel på «regionstorleik

Områdestorleik = 32


Kompaktleik

Kantane på superpikslane kan vera uregelmessige. Viss du aukar dette valet, vert kantane på superpikslane meir regelmessige.

Figur 17.213. Eksempel på «kompaktleik

Eksempel på «kompaktleik

Kompaktleik = 20

Eksempel på «kompaktleik

Kompaktleik = 40. Sjå på kuppelen.


Gjentakingar

Kor mange gongar filteret skal gjentakast. Auke av denne verdien gjev fleire detaljar.

Figur 17.214. Eksempel på «regionstorleik

Eksempel på «regionstorleik

Gjentakingar = 1 (standard)

Eksempel på «regionstorleik

Gjentakingar = 15