8.33. Sepia

8.33.1. Oversyn

Figur 16.211. Eksempel på bruk av filteret «Sepia»

Eksempel på bruk av filteret «Sepia»

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret «Sepia»

«Sepia» brukt


Sepiafilteret imiterer sepiatoning for å legge ei varm bruntone på eit svart/kvitt-bilete.

8.33.2. Aktivering

Du finn denne kommandoen i FargarMindre metningSepia ….

8.33.3. Innstillingar

Figur 16.212. Vala i «Sepia»

Vala i «Sepia»

Effektstyrke

Denne glidebrytaren styrer kor mykje effekten skal blandast in i det originale biletet. 0,000 er ingen effekt, 1,000 er full effekt, altså at heile biletet vert sepia-tona.

sRGB

I denne avkryssingsboksen bestemmer du om du skal bruka sRGB gammakorrigert eller lineært (ikkje avmerkt)fargerom på biletet.