Dette filteret omformar biletet til ei kvadratisk eller sirkulær form, eller ein eller annan overgang mellom desse.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Denne glidebrytaren bestemmer forma på omforminga, frå 0 %, som gjev eit rektangel, til 100 % som vert ein sirkel.
Denne glidebrytaren bestemmer på ein skala frå 0° til 359° om biletet skal roterast med klokka, og i tilfelle kor mykje.
Gjer at teikninga av effekten byrjar frå høgre i staden for frå venstre.
Dersom denne er markert, vert topprada i biletet flytt til midten av biletet og botnrada vert lagt til kanten av figuren. Dersom denne ikkje er markert, vert botnrada i biletet flytt til midten av biletet og topprada vert lagt til kanten.
Dersom denne er avmerkt, vert biletet teikna i ein sirkel. Er denne ikkje avmerkt, vert biletet teikna sirkulært i eit rektangel.
Desse polarkoordinata er aktive berre viss det ikkje er merkt av for «Vel midten».
Merkt av som standard: origo (sentrum) er i midten av laget. Viss denne ikkje er merkt, kan du endra verdiane for X og Y for å plassera origo.