Dette filteret bytter farge i alle pikslane i det aktive laget eller i det aktive utvalet med ein tilfeldig farge plukka frå det same området. Det vert altså ikkje lagt inn nye fargar, berre bytt meir eller mindre om på dei som finst frå før. Du kan bestemma kor sterk ombyttinga skal vere. Filteret verkar ikkje på einsfarga område.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Her bestemmer du kor langt pikslane skal flyttast vassrett og loddrett. Du kan låsa aksane saman ved å klikka på kjede-ikonet.
Kontrollerer kor tilfeldig spreiinga skal vera. Viss det same tilfeldige frøet vert brukt om igjen i den same situasjonen, vert resultatet også nøyaktig det same. Eit anna tilfeldig frø vil gje eit anna resultat. Du kan skriva inn startverdiane for hand, eller du kan velja ein tilfeldig startverdi med knappen
.