Filteret «Fargeplukk» bytar ut kvar påverka piksel med ein annan piksel tilfeldig vald frå dei åtte nabopikslane og seg sjølv (frå ei 3 × 3 rute med den aktuelle pikselen i sentrum). Alle, eller berre ein del av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet vert påverka av filteret, avhengig av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengd (%).
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Glidebrytaren
bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet som skal verta påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar verta forandra.Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.
Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vert også resultatet eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen .