7.2. CIE-lik støy

7.2.1. Oversyn

Figur 17.150. Eksempel på bruk av filteret «CIE-lik støy»

Eksempel på bruk av filteret «CIE-lik støy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «CIE-lik støy»

Filteret «CIE-lik støy» brukt


Filteret «CIE-lik støy» legg inn støy i det aktive laget eller i det aktive utvalet ved å bruka fargemodellane lysverdi, kroma og kulør ut frå spesifikasjonane gjeve av CIE («Compagnie Internationale de l'Éclairage»).

7.2.2. Aktivering

Du finn dette filteret under FilterStøyCIE-lik støy.

7.2.3. Innstillingar

Figur 17.151. Innstillingane for filteret «CIE-lik støy»

Innstillingane for filteret «CIE-lik støy»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Sløving

Denne glidebrytaren (1 - 8) kontrollerer slumpen av støy: Ein høg verdi gjer slumpen mindre.

Lysverdi

Denne glidebrytaren endrar lysverdien på støyen.

Kroma

Denne glidebrytaren forandrar kroma på pikslane i eit tilfeldig mønster (prosent av kvitt med same lysverdi).

Kulør

Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit aukande fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den opphavlege pikselfargen.

Tilfeldig frø

Du kan endra frøet for slumpen.