8.44. Fattal et al. 2002

8.44.1. Oversyn

Figur 16.230. Eksempel på «Fattal et al. 2002» tonetilordning

Eksempel på «Fattal et al. 2002» tonetilordning

Originalbiletet

Eksempel på «Fattal et al. 2002» tonetilordning

Filter brukt med standardinnstillingar, etter endring av biletpresisjonen i GIMP til 32-bits desimalpunkts lineært lys.


Dette filteret kan brukast for å tilpassa eit bilete med høgt dynamisk område (HDR) for presentasjon ved bruk av eit lågt dynamisk område. Denne operasjonen avgrensar storleiken på lokale fargeovergangar og lagar luminans innføre området 0,0-1,0.

Denne tonetilordningstilnærminga vart opphavleg presentert av Raanan Fattal, i 2002 SIGGRAPH papiret: Gradient Domain High Dynamic Range Compression.

[Notat] Notat

Filteret er sakte på store bilete. For å finna dei beste innstillingane kan du gjera eit lite, relevant utval for å prøva filteret og lagra innstillingane som forval før du brukar det på heile biletet.

8.44.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FargarTonetilordningFattal et al. 2002.

8.44.3. Innstillingar

Figur 16.231. Dialogvindauget for «Fattal et al. 2002»

Dialogvindauget for «Fattal et al. 2002»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Alfa

Fargeovergangsgrense for detaljforbetring

Beta

Styrken på lokal detaljforbetring

Metning

Global fargemetningsfaktor

Støy

Fargeovergangsterskel for å senka detaljforbetringa.

Inngangstype, klipping, blandeinnstillingar, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».