Dette filteret lagar eit relieffliknande bilete ved å teikna dei vassrette og loddrette kantane kvar for seg. Fargebilete vert omforma til RGB-bilete, dersom dei ikkje er det frå før. Som med Laplace-filteret, vert resultatet eit bilete med tynne strekar og nokre fargerestar her og der.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Teiknar kantane som er nær vassrette.
Teiknar kantane som er nær loddrette.
Denne innstillinga gjev deg høve til å bestemma korleis filteret skal arbeida dersom du har vald berre ei retning. Resultatet er eit flatt relieff med humpar og søkk.