Kvar piksel i biletet vert byt ut med ein gråverdi avhengig av avstanden til næraste hinderpiksel, til vanleg ein grensepiksel. Det kan brukast ulike metodar for å rekna ut avstanden.
![]() |
Notat |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
«Metrisk» er eit topologisk omgrep. Tre metodar er tilgjengelege:
Euklidsk standard: avstanden som ei rett linje.
Manhattan: avstanden er summen av dei eindimensjonale avstandane lags X-aksen og Y-aksen.
Chebyshev: avstanden er maksimum av den eindimensjonale avstanden langs X- og Y-aksen.
Dette definerer korleis område utføre inndataa skal sjåast på når avstanden vert rekna ut. Vala er Under terskelen og Over terskelen.
Standard er 0. Aukar du denne verdien vert pikslar med høgare lysstyrke valde
Originalbiletet for eksempla. Den nedre terskelen vert auka progressivt. Lysstyrke: mørkeraudt = 0.,070; klar raudt = 0,223; grøn = 0,133
Figur 17.182. Eksempel på bruk av «Låg terskel»
Låg terskel = 0: berre kantavstanden er synleg.
Låg terskel = 0,070: «mørkeraud» sirkel dukkar opp.
Låg terskel = 0,133: «grøn» sirkel dukkar opp.
Låg terskel = 0,223: «klar raud» sirkel dukkar opp.
Standard er 1. Minskar du denne verdien, vert biletet mørkare.
Kor mange utrekningar for å setja gråtonegjennomsnitt.
Dette valet er normalt merkt. Viss du fjernar merkinga, vert det ikkje laga noko sløring.