8.2. DoG kantfinning

8.2.1. Oversyn

Figur 17.164. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «DoG kantfinning» brukt med radius 1 = 1,000 og radius 2 = 0,100.


Dette filteret finn kantane med den såkalla «Difference of Gaussians»-algoritmen (dette er årsaka til namnet på filteret), som utfører to gaussiske sløringar på biletet med litt ulike sløringsradiusar og deretter subtrahere resultata. Denne algoritmen er mykje brukt i kunstig syn (kanskje også i biologisk syn), i og med at han arbeider raskt og likevel sikkert. Dei viktigaste innstillingane er sløringsradius for dei to køyringane. Truleg er det enklaste å setja radiusane ved å bruka førehandsvisinga. Aukar du den minste radiusen, vil dette ofte føra til tjukkare kantar, medan å redusera den største radiusen har ein tendens til å auka «terskelen» for å kjenna igjen ein kant. I dei fleste tilfella vil du få betre resultat viss Radius 2 er mindre enn Radius 1, men sjølvsagt kan du prøva å byta om på desse. Har du ein lys figur på mørk bakgrunn, kan resultatet verta betre om du byter rundt på verdiane.

8.2.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterFinn kantarDoG kantfinning….

8.2.3. Innstillingar

Figur 17.165. Innstillingane for filteret «DoG kantfinning»

Innstillingane for filteret «DoG kantfinning»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Radius 1, Radius 2

Radius 1 og Radius 2 er sløringsradius for dei to gaussiske sløringane. Viss du ønskjer å laga noko som liknar på ei skisse, vil som oftast «Radius 2» mindre enn «Radius 1» gje den beste løysinga.