11.4. Kubisme

11.4.1. Oversyn

Figur 17.203. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Kubisme»


Dette filteret omformar biletet slik at det ser ut som det er sett saman av små, firkanta silkepapirbitar.

[Tips] Tips

Dersom du finn ut at dette filteret er for enkelt, kan du prøve filteret GIMPressionist i staden.

11.4.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterArtistiskeKubisme….

11.4.3. Innstillingar

Figur 17.204. Innstillingane for filteret «Kubisme»

Innstillingane for filteret «Kubisme»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Flisstorleik

Denne glidebrytaren vert brukt for å bestemma storleiken (i pikslar) på silkepapirbitane.

Flismetning

Denne variabelen spesifiserer kor intens fargen på rutene skal vera. Dette påverkar dekkevna til rutene. Ein høg verdi vil visa rutene veldig intenst og let ikkje ruter som ligg under visast gjennom dei. Ein lågare verdi gjer at dei underste rutene vert meir synlege gjennom dei øvre rutene og fører til meir blanding av fargane.

Bakgrunnsfarge

Her kan du endra bakgrunnsfargen som filteret brukar. Du kan klikka på fargelinja for å velja ein farge eller bruka fargeplukkaren for å henta ein farge frå biletet.

Tilfeldig frø

Tilfeldigheita i dette filteret er basert på såkalla frø. Ulike frø vil gjera at utgangen frå filteret vert endra. Du kan endra frøet til du finn ei førehandsvising som passar deg.

[Tips] Tips

Dette filteret er godt eigna for å laga bakgrunn for nettsider og liknande. Lag eit lite bilete med få, tilfeldig spreidde fargar. Bruk deretter filteret på biletet. Når du har funne høvelege innstillingar, brukar du desse. Til slutt kan du køyra filteret Lag saumlause. Dette gjer at biletet ditt vert repetert som bakgrunnsbilete på nettsida utan synlege overgangar mellom dei ulik kopiane.