Denne konverteringa frå farge til gråtone brukar konvoluttane frå STRESS-tilnærminga for å utføra ei generering som nyttar lokale skilnadar.
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Nabolaget som skal reknast med. Dette er radiusen i pikslar som vert tekne med når du bestemmer kva fargar som skal tilordnast til gråverdiane.
Kor mange prøver som skal takast ved kvar gjennomgang på jakt etter fargeområdet.
Talet på gjennomgangar. Mange gjennomgangar gjev mindre støy, men krev meir datakraft
Når denne er slått på, vert detaljar i skuggen forsterka, men med meir støy
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».