11.2. Lerret

11.2.1. Oversyn

Figur 17.199. Eksempel på bruk av filteret «Lerret»

Eksempel på bruk av filteret «Lerret»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Lerret»

Eksempel på bruk av filteret


Bruk av dette filteret gjer at biletet ser ut til å vera laga på lerret. Du kan regulera strukturen i lerretet og kor synleg det skal vera.

11.2.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterArtistiskeLerret….

11.2.3. Innstillingar

Figur 17.200. Innstillingane for filteret «Lerret»

Innstillingane for filteret «Lerret»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Retning

Dette valet bestemmer i kva retning lerretet skal teiknast, eller kva lysretning lyset som fell over lerretet skal ha, om du likar den forklaringa betre.

Djupn

Denne glidebrytaren bestemmer kor synleg lerretet skal verta. Skalaen går frå 1 (som er nesten umerkande) til 50 (som viser berre lerretet).