Dette filteret reduserer ujamne overgangar (sjå kantutjamning) ved hjelp av ein matematisk funksjon som vert kalla Scale3X kantekstrapoleringsalgoritme.
Scale3X er utvikla frå Scale2X, som er ein grafisk effekt for å auka storleiken på små bilete ved å «gissa» verdien for dei manglande pikslane utan å interpolere og utan å gjera biletet uskarpt. [11] Scale2X vart utvikla for å forbetra skjermvisinga for gamle Arcade- og data-spel når desse vert brukte på skjermar med høgare oppløysing. [12]
Verkemåten for kantutjamningsfilteret er:
For kvar piksel,
vil filteret utvida originalpikselen til 9 (3 × 3) nye pikslar ved å bruka Scale3X-algoritmen og ekstrapolerer fargane frå originalpikselen og dei 8 omkringliggjande pikslane.
vert deretter dei nye pikslane samla til ein piksel med farge frå eit vekta gjennomsnitt.
Eksempla nedanfor viser effekten på nokre mønster. Dei små firkantane er éin piksel (forstørra 16 gonger).