Kommandoen
viser dialogvindauget «Lagra biletet». Dialogvindauget for å lagra vert brukt for å lagra eit XCF-bilete med eit anna namn og/eller i ei anna mappe. For å lagra i andre filformat må du bruka kommandoen .Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen frå
→ .eller med snarvegen Shift + Ctrl + S.
Det venstre panelet er delt i tre delar. Dei to øvre delane viser hovudmappene og lagringsmedia. Denne delen av lista er maskinavhengig og kan ikkje endrast av brukaren. Den nedre lista viser bokmerka dine. Du kan leggja til eller fjerna desse. For å leggja til eit bokmerke, vel du ei mappe eller ei fil i det midtre panelet og klikkar på Legg til i bokmerka i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget. Eit bokmerke kan fjernast ved å markera det og deretter klikka på -knappen.
-knappen nede til venstre. Du kan også brukaDet midtre panelet viser filene og eventuelle mapper i den opne katalogen. Du kan byta mappe ved å dobbeltklikka med venstre museknappen på mappene eller velja ei fil ved å (enkelt)klikka på henne. Dersom du dobbeltklikkar på fila, vert ho lagra direkte. Den vanlege måten er å markera fila og deretter trykkja på knappen
.Du kan også høgreklikka i midtpanelet for å få fram kommandoen Vis gøymde filer.
Det valde biletet vert vist i vindauget Førehandsvis. Nedføre førehandsvisinga vert det også vist opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet.
Dersom biletet er modifisert av eit anna program, klikk på førehandsvisinga for å oppdatere visinga.
Skriv namnet på den nye biletfila her.
Notat | |
---|---|
Dersom fila er lagra frå før, føreslår GIMP det same filnamnet. Trykkjer du på Lagra vert den lagra fila overskrive av den nye. |
Stien for den gjeldande mappa vert vist over det midtre panelet. Du kan navigera langs denne stien ved å klikka på knappane.
Dersom du ønskjer å laga ei ny mappe, er det berre å trykkja på knappen
og følgja instruksjonane.I Vel filtype kan du velja eit komprimert format for XCF-fila.