3.16. Fyll med bakgrunnsfarge

Kommandoen Fyll med bakgrunnsfarge fyller det aktive laget med den bakgrunnsfargen som vert vis i fargeområdet i verktøykassa. Fargen vert også vist til venstre for postnamnet. Dersom enkelte område av biletet berre er delvis utvalde, t.d. som eit resultat av mjuke kantar, vert desse fylt delvis i høve til kor mykje dei er utvalde.

[Notat] Notat

Dersom biletet ikkje har noko utval, vert heile laget fylt.

3.16.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerFyll med bakgrunnsfarge.

  • eller med snarvegen Ctrl+.

[Notat] Notat

Du kan også fylle eit område ved å klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa.