Når du er ferdig med skrivinga, må du validera arbeidet ditt igjen:
For ei enkelt fil kan du bruka denne kommandolinja: xmllint --noout --nonet --valid fila di.xml. Denne kommandoen viser ingenting viss fila di er OK. Når det vert funne ein feil, vert det vist ei melding som indikerer typen feil og kvar i fila han vart oppdaga.
Denne kommandoen vert brukt for raskt å kontrollera ei xml-fil. Han kan feila eller ikkje finna alle feila. Viss det er interne referansar til andre filer, kan han også visa ukorrekte meldingar sidan kommandoen bere kontrollerer éi fil.
(Programmet Kate har ei innstilling (eit programtillegg) for å validera den gjeldande xml-fila).
Viss du vil kontrollera fleire filer eller heile gimp-help, køyrer du make validate-nn (for nynorsk, nb for bokmål). Du bør få meldinga «No error».
Viss ikkje vert ei liste med valideringsfeil vist med linjenummer som refererer til en.xml-logfil som du finn i mappa /log.
Opna denne en.xml-fila i eit tekstredigeringsprogram, bruk kommandoen «gå til linje» til programmet ditt (i Kate er kommandoen Ctrl+G) og skriv inn linjenummeret for å hoppa til den aktuelle linja i en.xml-fila. Der finn du feilen.
Viss du har arbeidd på fleire XML-filer, sjå over i en.xml-fila for å finna (i «xml:base»-feltet i «id»-taggen), i fila som feilen er i.
Fiks feilen. Ikkje gløym å lagra fila og køyra make validate-en igjen.
Notat | |
---|---|
Eit vanleg mistak er å redigera en.xml-logfila i staden for XML-fila. |