6.7. Sprei

6.7.1. Oversyn

Figur 17.136. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Sprei»


Dette filteret bytter farge i alle pikslane i det aktive laget eller i det aktive utvalet med ein tilfeldig farge plukka frå det same området. Det blir altså ikkje lagt inn nye fargar, bare bytt meir eller mindre om på dei som finst frå før. Du kan bestemma kor sterk ombyttinga skal vere. Filteret verkar ikkje på einsfarga område.

6.7.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterStøySprei

6.7.3. Innstillingar

Figur 17.137. Innstillingane for filteret «Sprei»

Innstillingane for filteret «Sprei»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Spreiingsmengde

Her bestemmer du kor langt pikslane skal bli flytta Horisontalt og Vertikalt. Du kan velje om desse to innstillingane skal arbeide uavhengige av kvarandre eller vere låst saman, ved å klikke på lenkesymbolet for å opna eller lukke lenka. Du kan også definere måleeining.