8.25. Roter fargane

8.25.1. Oversyn

Figur 16.172. Verknaden av filteret

Verknaden av filteret

Originalbiletet

Verknaden av filteret

Verknad av filteret «Roter fargane»


Dette filteret roterer fargane langs fargesirkelen, frå eit vald område av sirkelen til eit anna vald område.

8.25.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarKartRoter fargane

8.25.3. Hovudinnstillingar

Figur 16.173. Innstillingane for filteret «Roter fargane»

Innstillingane for filteret «Roter fargane»

Dialogvindauget inneheld to fargesirklar, ein for fråfarge og ein for tilfarge:

Frå

Fargesirkelen: Dei to visarane indikerer «fråområdet». Den bøygde pila peikar frå startvisaren mot sluttvisaren for området. Klikk og dra visarane til ønskt posisjon.

Med/Mot klokka: Bestemmer retninga for utvalet.

Endra rekkefølgja for pilene: Bytter om på frå- og til-visarane. Dette resulterer i ei markant fargeendring sidan fargane i dei markerte vinklane er ulike.

Vel heile: vel heile fargesirkelen.

Boksane Frå og Til syner posisjonane for pilane i rad/PI. Du kan skrive direkte i desse boksane.

Til

Innstillingane er dei same som for «Frå».

8.25.4. Gråinnstillingar

Figur 16.174. Gråinnstillingar

Gråinnstillingar

Det er definert ein sektor for kvar av fargane raud, grøn og blå med ulike metningar. Grå og kvite fargar er representert med 0 % metning.


Denne fanen blir brukt for å bestemma korleis grått skal behandlast. Normalt blir grått ikkje behandla som ein farge, og blir såleis heller ikkje tatt med i fargerotasjonen. Med innstillingane her, kan du likevel omforma mindre metta fargar til grå, eller omforma grå til farge.

Fargesirkelen for gråfarge

I midten av fargesirkelen er det ein liten definisjonssirkel. Denne sirkelen viser kva som blir grått. Dersom du utvidar grågrensa, vil alt som har ei metning mindre enn denne grensa bli grått.

Du kan definera kulør og metning ved å flytte definisjonssirkelen rundt i fargesirkelen eller ved å bruke innskrivingsboksane. Dei valde fargane vil bli sett inn i staden for alle fargane du har definert som grå. Resultatet er likevel også avhengig av kva gråmodus som er sett.

Gråmodus

Radioknappane Behandla som denne og Endra til denne bestemmer korleis innstillingane ovanfor skal behandlast:

  • Er knappen Endra til denne aktiv, vil alle grå område bli endra til den fargen som er definert i definisjonssirkelen, uavhengig av innstillingane for rotasjonen.

  • Er det merka av for Behandla som denne, vil grå få fargen frå definisjonssirkelen i høve til vala sette i «Til» og «Frå». Du kan bare bestemme farge på «Frå»-sektoren, sjølv om han ikkje er synleg i grå-fanen.

Figur 16.175. Gråmodus

Gråmodus

Den lille sirkelen er på gult i modus Endra til denne. Blått er endra til gult. Merk at også grått og kvitt er blitt gult.


Grågrense

Figur 16.176. Grågrense

Grågrense

Grågrensa er 0,25: den blå sektoren (metning 0,25) er blitt grå. Legg merke til at det er ikkje tatt omsyn til kvit og grå med metning 0 %.


Verdien her bestemmer kor mykje metning ein farge må ha for å bli oppfatta som grå. Dess høgare tal dess større del av fargen blir omforma til grå. Dette blir også vist ved at den vesle sirkelen i fargesirkelen aukar og i førehandsvisinga dersom det er merka av for «Oppdater konrinuerleg». Du kan prøve dette med ein svart til kvit fargeovergang. Aukar du metningsgrensa vil også det farga området av fargaovergangen bli større.

Ein svart til kvit fargeovergang blir gradvis fylt med farge etter som metningsgrensa blir sett høgare.

8.25.5. Førehandsvising

Original, Rotert

Øvst i førehandsvisinga finn du ein miniatyr av originalbiletet. Under dette eit bilete som viser resultatet av fargeroteringa. Originalbiletet blir ikkje forandra før du trykker knappen OK.

Oppdater kontinuerleg

Dersom denne er avmerka, noe han bør vere, vil alle endringane du gjer bli viste etter kvart i førehandsvisinga.

Område

I denne nedtrekksmenyen kan du velje mellom

  • Heile laget: Arbeid på heile laget. (Heile biletet dersom ingenting er markert).

  • Utval: Viser og arbeider bare på utvalet.

  • Samanhang: Viser utvalet i biletsamanhengen.

8.25.6. Einingar

Her bestemmer du kva måleeining du vil bruke for å bestemma plaseringa av fargane i sirkelen kulør/metning. Valet er gyldig bare for denne gjeldande filterøkta. Ikkje klikk på «Verdi» etter at du har vald eining.