6.2. HSV-støy

6.2.1. Oversyn

Figur 17.126. Eksempel på bruk av filteret «HSV-støy»

Eksempel på bruk av filteret «HSV-støy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «HSV-støy»

Etter bruk av filteret «HSV-støy»


Dette filteret legg inn støy i det aktive laget eller i det aktive utvalet ut frå fargemodellen HSV.

6.2.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterStøyHSV-støy

6.2.3. Innstillingar

Figur 17.127. Innstillingane for filteret «HSV-støy»

Innstillingane for filteret «HSV-støy»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Hald

Denne glidebrytaren styrer kor stor del av den opphavlege fargen som skal haldast igjen uforandra. Ein låg verdi vil føre til store fargeforandringar, medan ein høg verdi gir mindre endringar. Skalaen går frå 1 til 8.

Kulør

Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit tilgjengeleg fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den originale pikselfargen. Skalaen går frå 0 til 255.

Metning

Denne glidebrytaren aukar metninga på dei strødde pikslane.

Verdi

Denne glidebrytaren aukar lysverdien på dei strødde pikslane.