8.36. Heit

8.36.1. Oversyn

Dette filteret identifiserer og omformar eventuelle pikslar som kan skape problem når dei skal visast på PAL eller NTSC TV-skjermar.

8.36.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret på biletmenyen via FargarTV-filter

Denne kommandoen verkar bare på RGB-bilete utan alfakanal. Elles er kommandoen ikkje aktivert.

8.36.3. Innstillingar

Figur 16.198. Innstillingane for TV-filteret

Innstillingane for TV-filteret

Modus

Du må velje TV-system: PAL eller NTSC.

Handling

Du kan velje mellom:

  • Redusert lysstyrke (luminans)

  • Redusert metning

  • Svert. Dette vil omforme «heite» pikslar, dvs. problempikslar, til svart

Kreer nytt lag

Dette gjer at arbeidet blir utført på eit nytt lag i staden for på sjølve biletet. Dette vil gi deg fred i sinnet.